I 2024 blei Andrea Rød Tombre årets dame brutto, med 980 av 1000 mulige poeng. Ho har gjennom sesongen deltatt på 15 OOM turneringer.
Elisabeth Dahl blei årets dame netto med 848 av 1000 poeng. Ho har delteke på alle turneringane til damegruppa i 2024 der det var 18 OOM turneringar til sammen.
Det er dei 10 beste plasseringane gjennom året som tel med i summen av poeng.
Det er ein aldersskilnad på 30 år mellom desse to. Andrea har spelt golf sidan junioralder, mens Elisabeth starta med golf i 2022. Ho var då med på eit kurs; "Friskliv og meistring" som var eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og golfklubben.
Begge to vil anbefale andre damer i klubben å delta på onsdagsturneringane.
"Det er kjekt å gå med forskjellige damer hver uke på turneringen. Det at damene jeg har spilt med har delt gode tips og råd med meg, er jo noe jeg har hatt både nytte og glede av" seier Elisabeth.