Damegruppa på Bjørnefjorden Golfklubb er ei aktiv gruppe som spelar golf kvar onsdag frå april og ut september (-juli månad). Til saman mellom 15 og 20 onsdagar med varierande speleformer, både single- og par/lag turneringar.
Vi går 9- eller 18 hol og begynner frå klokka ca. 16:30, ut frå solnedgang/lysforhold og antall deltakarar.
På dei fleste turneringane våre vel du sjølv om du vil spela frå utslag 27 eller 41.
Er du ny i klubben ynskjer vi å ha deg med. Det gjev god turneringstrening og er ein unik mogeleghet til å tilegne seg regler o.a.
Vi har premiering til dei beste resultata både netto og bruttklasse. Vi forsøker å samlast i klubbhuset etter turnering for utdeling av gavekort og trekkepremiar.
Oversikt over turmeringane våre finn du i GolfBox.
Fra 2020 har vi arrangert Womens Golf Day. Womens Golf Day (WGD) er ei internasjonal markering av kvinnegolf. Denne dagen ønsker vi velkommen til alle damer som har lyst å få ein smakebit på kva golf er, med litt instruksjon og ei lagturnering der ein spelar eit par hol på banen. Vi ønsker velkommen til ein sosial kveld med mykje latter, sjå etter meir info på Facebook, Instagram og heimeside når det nermar seg.
I september har vi dei siste åra arrangert ein helgetur til Haugesund. Vi spelar golf laurdag og søndag, bur på hotell og samlast for felles middag fredag-, og laurdag kveld.
Ellers oppfordrar vi alle å melda seg inn i Facebookgruppa; Damegruppa i Bjørnefjorden golfklubb der vi legg ut informasjon.
All påmelding til turnering foregår i Golfbox.
Det er rom for fleire deltakarar onsdagskveldane og vi håpar at fleire av damene som er medlemmar i Bjørnefjorden vil bli med på våre sosiale kveldar.
I 2025 er følgjande med i komiteen: