Nyheter

Simulatorsesongen er i gong...

...og no kan du spele Trackman-simulator også på Bjørnefjorden

No har me opna for booking av tider på begge Full Swing simulatorane våre.

Simulatorane er grundig testa, og verkar å fungere som dei skal. 

Og gode nyhende:
Me har no investert i pc-materiell og lisens som gjer at simulator 1 hjå oss no er ein trackman - simulator. 

Simulator 2 vil framleis vera Full Swing simulator.

Trackman vil også kunne nyttast til trening i fortsetjinga, for dei som ynskjer dette.
Me arrangerer kurs måndag 8. og onsdag 10.november kl.18-19 i grunnleggjande bruk av trackman-simulatoren for dei som ynskjer. Påmelding til desse vert gjort i Golfbox, så meld deg på om du er interessert

Fram til nyttår køyrer me med same prisar som i fjor, medan ein ny pris-struktur vil komme på plass frå og med 1.januar 2024. 

Ikkje la vinteren stoppe lysta til å halde svingen ved like - prøv simulatorgolf