Nyheter

Vinterbane frå laurdag 21.oktober

Grunna varsel om fall i temperaturane til nær frysepunktet fram mot helga, stengjer me dei resterande sommargreenane, går me over til Vinterbane her på Bjørnefjorden frå og med laurdag 21.oktober.

Vinterbanen har same layout som i fjor, og er eit glimrande høve til å få seg litt mosjon og samstundes halde svingen ved like.
Når det er vinterbane er det ikkje høve til å bruke tralle på banen.
Hugs også å slå ballen frå peg når du spelar vinterbanen, slik at du unngår å skade banen ved å slå opp grastorv.
Du plukkar opp ballen når den er innanfor den merkte sirkelen rundt holet på vintergreenen, og noterer eit ekstra slag på scorekortet. Dette er for å unngå for mykje slitasje på vintergreenane.

Frå laurdag 21.oktober vert også greenane på treningsfeltet ved klubbhuset stengt for sesongen.

Som tidlegare år er drivingrange open i den tida det er dagslys, så lenge det er mogeleg for oss å komme utpå og hente inn ballar. 
Driving range vert stengt med at det heng tau framfor ballmaskinen, og straumen er kobla frå på denne.

Pitch&putt banen held me open for spel, så lenge det ikkje ligg snø på banen. Det same gjeld sjølvsagt også for vinterbanen.

Me nyttar høvet til å takke dykk alle for ein fin golfsesong, og set no i gong arbeidet for å kunne stille med ein flott bane att til våren

...og på simulatorane våre kan du spele golf heile vinteren.