Nyheter

Endringar av banen grunna vått vær

Tralleforbod, matteutslag og provisoriske greenar

Me ynskjer å halde sommargreenane våre opne så lenge som mogeleg, men den våte hausten gjev oss no så store utfordringar at me må gjere følgjande endringar på banen frå og med måndag 9.oktober:

1. Gras-teear stengjer og det vert matteutslag resten av sesongen

2. Provisoriske greenar på hol 6, 7 og 8

3. Det vert innført forbod mot bruk av tralle

4. Det vert 1/2 pris på greenfee, fram til me opnar for vinterbane.

Med dette vert det ikkje lengre høve til å regulere handicap, ved spel på banen.

Me tilrår alle som slit med å bera den vanlege baggen på ryggen, å skaffe seg ein pencil-bag. Me har pr. no 2 stk slike frå Callaway for for sal i proshop, og me kan bestille inn fleire pencil-baggar om det trengs.

Banemannskapet vårt skal omgåande i gong med arbeid på greenområda på hol 6, 7 og 8. Det vert derfor sett opp gjerder og plakata som fortel deg kvar du skal gå for å komme til neste tee.
Me henstiller alle til å følgje desse anvisningane.

Venleg helsing Bjørnefjorden GK