Nyheter

Tralleforbod på banen frå 8.oktober

Me har fått ein våt haust på golfbanen, og sjansane for at bakken tørkar opp er no liten.
Me ser allereie teikn til at nokre område på banen vert sølete, etter bruk av tralle.
Derfor må me innføre tralleforbud så snart me ser at dette er naudsynt for banen sin del.

Førebels vil tralleforbodet gjelde frå 8.oktober.

For dei som kjenner på at den vanlege bag`en vert for tung å bære, vil me tilrå å nytte ein lettare bag, og færre køller på runden.
Har du ikkje slik bag, har me no to slike baggar i proshop Desse to sel me med med 20% rabatt ut september månad.
Me kan også skaffe pencilbaggar, ved behov, og etter som det kan vera noko leveringstid, er det lurt å kontakte oss raskt.