Nyheter

Flott innsats på årets Lag NM for damer og herrar

3.plass til herrane og 4.plass til damene

21-23.juli vart LAG NM for damer og herrar avvikla.

Damene til Bjørnefjorden GK var i år Solveig Helgesen, Andrea Rød Tombre og Tora Wiberg, og dei spelte 1.divisjon på Sandefjord GK.
Me vil trekkje fram Andrea og Tora sine særs gode resultat på foursome fredag og laurdag, og Solveig og Andrea sine flotte single-rundar.
Dette gav dei til slutt ein flott 4.plass, og dei spelar 1.divisjon neste år.

Andrea, Tora og Solveig klare for innsats

Herrelaget talde i år Nils Gunnar Holemark, Alexander Heggland, Mathias G. Pedersen og Tobias Arntzen, og dei spelte 2.divisjon på Fana GK.
Her var det jamnt gode foursome- og fourballrundar på alle, og på single-rundane slo Alexander til med ein eineståande -2 runde, medan Nils Gunnar spelte til +2. Det gjev banens par i snitt!!
Dette gav dei ein imponerande 3.plass i eit startfelt på 16 lag.


Alexander og Tobias klar for foursome

Nils Gunnar og Mathias klare for sin foursome