Nyheter

IMPACT Supporter

Støtte til Bjørnefjorden GK si barne- & ungdomssatsing

Dette er ei storsatsing NGF lanserar, der du som golfar kan vise at du heiar på borna og dei unge i klubben din, og som samstundes gjev eit økonomisk bidrag direkte til det organiserte barne & ungdomsarbeidet i klubben.

Konseptet IMPACT Supporter er direkte retta til å skaffe supportarar mellom dei vaksne i klubben, til borna og dei unge.

Gjennom eit bidrag på  kr 350,- eller meir, gjev du kr 250,- direkte til barne- og ungdomssatsinga i den klubben du sjølv vel (aller helst Bjørnefjorden GK).
Resten av midlane går til at du som supporter får tilsendt ein flott ballmarkør og greengaffel, og ein bagtag som seier at du heiar på dei unge og lovande i klubben.
På bagtag`en er det også ein QR kode som gjer at folk kan verve kvarandre som supportarar, når ein er ute på golfbanen.

Les meir og bli supporter her