Nyheter

Alexander og Andrea vann Regiontouren på Bjørnefjorden

Alexander Samal frå Bergen GK og Andrea Rød Tombre gjekk av med sigeren i dei to klassane i årets Regiontour på Bjørnefjorden.
For Alexander vart sigeren sikra etter omspel mot Nils Gunnar Holemark frå Bjørnefjorden GK.

Totalt var det 32 som deltok på turneringa. Dei fekk i lange periodar testa regntøyet sitt, men humøret var godt over heile linja.

RESULTATLISTE

Takk til alle for sporty innstilling, trass værtilhøva.

Her er bilete av premievinnarane:

Dameklassen:
Andrea (i midten) vann framfor Tora Wiberg (t.v.)og Solveig Helgesen (t.h.) - alle frå Bjørnefjorden GK


Herreklassen
Alexander Samal (til høgre) vann framfor Nils Gunnar Holemark