Nyheter

2 Bjørnefjordingar på Norgescup i helga

Henrik Sivertsen og Nils Gunnar Holemark representerte klubben på Garmin Norgescup på Nøtterøy Golfklubb i helga.

Nils Gunnar starta med 2 gode rundar, kvar på +3 slag på banens par, men fekk ein tøff sundag med 3 over par på hol 1 og 4 over par på hol 17, og enda til slutt T28 med totalt 16 over par. 

Henrik var førstereis på Garmin Norgescup, og tok nok denne runden som nyttig erfaring med spel på dette nivået.
Ein 79 runde første dag var svært godkjend, men dei to neste dagane vart tyngre og han enda til slutt T56, 34 slag over par.

Nils Gunnar i aksjon på Nøtterøy GK (bilde: Vidar Øvreeide)

Tappert smil hjå Henrik (bilde: Vidar Øvreeide)