Nyheter

Damegolf i strålande sommarvær

Tysdag 1.juni var den internasjonale "Womens golf day" og på Bjørnefjorden var 32 friske damer samla til golfmoro og scrambleturnering

Tysdag 1.juni inviterte damegruppa til open dag på golfbanen for alle damer som har lyst å teste ut om golf kan vera ein aktivitet for dei.

32 friske damer frå 15 til 70 møtte opp, og verka å storkose seg i det fine sommarværet.

Etter instruksjon for nybyrjarane, frå dei erfarne golfdamene våre, la dei ut på ei 9 hols scrambleturnering for å praktisere nyvunnen kunnskap.

Stemninga var god i flightane, og alle som ein ytte sitt sportslege bidrag med imponerande fine golfslag innimellom.

Og ut frå humøret og innsatsviljen kjem det nok fleire nye damer inn i klubben etter dette.

Tusen takk til damegruppa som viser veg i rekrutteringsarbeidet!!