Nyheter

Narvesen Voss

Nok ein gong gode resultat frå juniorane våre.

Denne helga var det Voss sin tur til å arrangere junior regionsturneringa Narvesen Tour. Me hadde deltakarar i klassane Mix 9-12, Mix 13-15 og gutar 16-19. I sistnevnte klasse imponerte Nils Gunnar med å spele på banens par, 72 slag, og dermed vinne bruttoen. Nettoen blei litt for tøff for Nils Gunnar og Tobias, for den blei vunnet av Tarald Hestnes fra Fana med 12 slag betre enn sitt par. I mix klassene var det totalt 20 deltakere, der Oliver Bergheim og Kristoffer Arntzen frå Bjørnefjorden gjorde ein flott innsats.

Link til alle resultat:
https://golfbox.no/livescoring/tour/?language=1044...

Neste Narvesen Tour er om 2 veker på Nordvegen og Haugaland Golfklubb. Her er det foreløpig 4 BJGK spelarar påmelde.

Nils Gunnar med 1.plass brutto i klasse 16-19

Tre av 4 deltakarar frå Bjørnefjorden: Fv. Nils Gunnar, Kristoffer og Tobias. Oliver var reist før biletet var deke.

Kristoffer med ein fin putt

Me får håpe han på greenen kom seg vekk i tide...