Nyheter

Nyheter

Fotograf - Mark Mascolo

Fantastisk skidag på Bjørnefjorden Golfklubb

Laurdag 16.januar

Flott ver - nærare 200 små og store deltakarar - ein engasjert dugnadsgjeng er ei enkel skildring avskirennet på Bjørnefjorden Golfbane laurdag 16.januar.

Det vart kort og godt ein suksess, med massevis av glade born og nokre spreke ungdommar og vaksne.
Med kuldegrader i lufta og ei vintersol som kikka fram, heldt løypene seg i god stand gjennom heile arrangementet.

Bjørnefjorden Golfklubb vil gjerne nytte høvet til å gje ei stor takk til:

Sparebanken Vest som sponsa klubben med eit flott premiebord.
Os Røde Kors som laga fine løypetrasear på heile golfanlegget.
Bjørnafjorden Kommune som stilte lydanlegg til rådvelde for oss.
Os Turn Friidrett som lånte oss tidtakar-klokke og start- og målsegl.
Kalandseid IL som hjalp oss med startnummer og telt.
Hålandsdalen IL som bidrog med sporsetjar.
...og ein flott gjeng på kring 10 medlemmer som gjorde ein solid dugnadsinnsats på kjøkken, i proshop, i salsbod i varmestova, med parkering, i løypene og på facebook. 

Utan dykk ville me aldri greidd dette.

Med venleg helsing
Bjørnefjorden Golfklubb