Nyheter

Vinterbanen - spel i tida med ekstra strenge forskrifter

Frå 7.desember gjeld følgjande for spel på vinterbanen :

Alt spel på banen skal bookast på førehand i golfbox.

Munnbind skal nyttast på heile anlegget, når det ikkje er mogeleg å halde ein  avstand på 2 meter.

Det vert berre opna for enkeltvis individuelt spel på banen.

Same starttid kan nyttast av 2 personar, men det skal då vera same spelar kvar gong. Dette for å halde talet på nærkontaktar så lågt som mogeleg.

Personar i same husstand kan spele med same starttid, men ikkje med same starttid som spelarar utanfor husstanden.