Nyheter

Frank Ottesen fekk HiO på Bjørnefjorden Golfbane

I dag var det Frank Ottesen sin tur til å få oppleve at ballen gjekk i holet på det første slaget.
Det skjedde i grått vær, men med gode kameratar på selskapsrunde.
Med eit 6`ar jern landa han ballen pin high på greenen på hol 9 (ca 135m) og trilla så til høgre rett ned i koppen.
Etter ein sesong med mykje spelemessig motgang og skadar for Frank, er det særskilt kjekt for klubben å få høve til å gratulere han med den eineståande prestasjonen!