Nyheter

Nyheter

Sotra damene til topps i lag NM 3.div

Lag NM Senior i strålande sommarvær

Norgesmeisterskapen for seniorar 3.divisjon på Bjørnefjorden Golfklubb 15. og 16.august vart ei solrik og strålande oppleving, både  for dei 7 laga som deltok i herreklassen og dei 3 laga som deltok i dameklassen.

Kampen var jamn etter fourball-runden laurdagen, der det i herreklassen stod heilt likt mellom Fana og Bjørnefjorden sitt 1.lag. Dei hadde 6 slags leiing på Haugesund. Bjørnefjorden sitt 2.lag låg på 4.plass, 4 slag bak Haugesund, likt med Sandnes og med 9 slag avstand til begge Sotra sine lag.

Søndagen var det singlerunde.
I herreklassen vart kampen mellom Fana og Bjørnefjorden jamn heilt fram til målstreken, og laga enda med lik poengsum. Turneringsreglane avgjorde at Fana vann, med Bjørnefjorden på 2.plass og Sandnes på 3.plass. 2.laget til Bjørnefjorden fekk ein tøff dag og enda til slutt på 6.plass.
I dameklassen leverte Sotra ein solid sluttspurt og vann meisterskapen. Haugesund tok 2.plassen medan Bjørnefjorden kom på 3.plass.

Deltakarane gav Bjørnefjorden Golfklubb mykje ros for eit godt gjennomført arrangement.

Fana sitt lag med Arild Petter Søvik, Henri Veldscholten, Jan Morten Løtveit og Sven Torgersen vann herreklassen:

Sotra sitt lag med Siren Mørner, Laila Marit Fjell, Tonje-Christin Bru og Turid Ulveseth Instebø vann dameklassen:

Bjørnefjorden sitt 1.lag med Harry Skage, Gunnar Våge, Steinar Stølsnes og Atle Olsen tok 2.plassen:



Bjrønefjorden damene med Mette Fammestad, Solveig Skjønberg, Nina Johnsen og Marianne Rød kom på 3.plass:

Bjørnefjorden sitt 2.lag herrar med Ørnulf Jacobsen, Terje Olsen, Erik Just Olsen og Jan Erik Rød kom på 6.plass (dei to siste kom ikkje med på bildet):


Stemningsbilder frå runden på laurdagen: