Nyheter

Nyheter

Nils Gunnar sigra på Region Tour Voss tidlegare i år

Nils Gunnar Holemark i NM på Holtsmark GK denne helga

Me kryssar fingrane for at han greier cut`en på fredag

Fjorårets klubbmester i Bjørnefjorden GK, Nils Gunnar Holemark, kvalifiserte seg til NM Single, som går av stabelen på Holtsmark Golfklubb 30.juli - 2.august, etter å ha greidd cut`en på førre Garmin Norgescup på Kongsvinger med eit rekordbra startfelt.

Me ynskjer han lukke til når han peggar opp på den første runden i dag, og er sikker på at mange i klubben vår har lyst å følgje med på spelet hans, og om han også greier cut`en i morgon.
Skulle han greie det er det ei stor bragd, etter som dei fleste av dei aller beste norske golfarane i Noreg dette året, er på startstreken.

Etter som det vert TV-dekning av arrangementet på Eurosport Norge, kan det vera at me får vår eigen NM-favoritt i TV-ruta ein av dagane også.

Her er link til leaderboardet i NM i Golfbox:
Leaderboard NM Holtsark

Klubben ynskjer Nils Gunnar masse lukke til!!

Nils Gunnar (heilt til høgre) var ein av 5 spelarar på Bjørnefjorden GK sitt lag, under Lag-NM for herrar på Fana Golfklubb i juli.