Nyheter

Release frå Wilson - ny spennande kølleserie

DYNAPWR

Wilson slepper no sin nye 2023 kølleserie DYNAPWR, med eigenskapar som kan løfte golfspelet ditt til eit nytt og betre nivå.

Denne serien vil du finne i hyllene i proshopen her på Bjørnefjorden GK i forkant av sesongstart.
Kommande sesong vil Proen vår Sverre vera i proshop måndagar og tysdagar kl.16-19, og hjelper deg gjerne om du vil teste noko av utstyret.

Du kan også få køllene tilpassa deg og din golfsving, på Wilson sin Custom Fitting her hjå oss, onsdag 3.mai kl.14-18.

Fredag 30.juni vil også Wilson vera til stades hjå oss ein heil dag, med tilpasning, tips og vegleiing til deg som golfar, på alt av utstyr dei har! 

Velkommen til ein god golfprat i klubbhuset