Nyheter

Winter Challenge

Parturnering på simulator

Vinnarparet får middag, hotellovernatting og greenfee 18 hol på Voss, Meland eller Haugaland GK.

Du kan no melde deg på "Winter Challenge", simulatorturneringa Bjørnefjorden GK arrangerer på simulator før jul.

Dette er ei parturnering med slagspel og 50% handicap, der alle kan delta.

Turneringa er i 2 deler, med ein utslagsrunde og ein finale.

Altså er det heile lagt opp som ein cup, der me til slutt står att med eit vinnarpar.

Premien til paret som vinn turneringa er middag, 1 hotellovernatting i dobbeltrom og ein 18 hols golfrunde på ein av dei beste golfbanane i regionen.
Kva tid i løpet av sesongen 2023, avklarar vinnarparet med golfklubben, så ordnar klubben med bestillinga av dette.
Golfanlegga de kan velje mellom er: Voss GK, Meland GK eller Haugaland GK.


UTSLAGSRUNDEN:

Startavgift kr. 200,- og simulatorleige kr.100,-

I utslagsrunden skal kvart par spele ein 18 hols runde mot eit anna par.

Paret som vinn oppgjeret, går direkte til finalespelet, medan paret som tapar er i utgangspunktet ute av turneringa (men kan komme inn at som «lucky loser»).


Utslagsrundane vert avvikla helgane 25.-27.november og 2.-4.desembe
r.

Starttider:

Fredagane kl.16.00 og 19.30

Laurdagane kl. 13.00 og 16.30

Søndagane kl.09.00, kl.12.30,16:00 og 19:30


Du vel kva helg og kva dag de vil spele når du melder deg på i Golfbox,. Dersom det er ei starttid som er umogeleg for deg, denne dagen, skriv du dette i kommentarfeltet ved påmelding. Me søkjer å tilpasse desse ynskjene etter beste praktisk evne, når startlista vert sett opp.

Utslagsturneringa vert spelt på Vallerama Golf Club - Spania.

Denne informasjonen vert gitt, for at alle deltakarane skal kunne ha høve til å gjera eit innspel på banen.

På utslagsturneringa, vil me også søkje å setje saman lag som er nærast mogeleg kvarandre i handica, så langt dette er mogeleg.

FINALESPELET:

Kr. 100,- i simulatorleige – ingen startavgift.

Finalespelet startar torsdag 29.desember med første starttid kl.09:00.

Ved stor påmelding vert finalespelet avslutta fredag 30.desember.

Her deltar alle vinnarane i utslagsrunden + det talet med tapar-par som må til, for å få finalespelet til matematisk å gå opp (ut frå kva par som hadde beste score).

Finalespelet er også rein cup, der paret som vinn går vidare, medan taparlaget er ute av turneringa.

Kva bane/banar finalespelet går på, vil deltakarane i finalespelet få informasjon om pr. mail, når startlista for finalespelet vert offentleggjort - etter at utslagsrunden er gjennomført..

Frist for påmelding til Utslagsrunden er kl.12 på fredagen, den helga du skal spele.

Open for alle ivrige golfarar som vil!!

Har du spørsmål om turneringa, kan du ta kontakt med Bjarte på tlf.41321218 eller mail Bjarte@bjgk.no