Nyheter

Nyheter

Vinnarparet frå Golf Nordic Open 2021

Ny parturnering på Bjørnefjorden i 2022-sesongen

Invitational Pairs

Opne parturneringar som Golfhäftet Trophy og Golf Nordic Open har vist seg å vore svært populære både hjå medlemmene i Bjørnefjorden Golfklubb og golfarar frå naboklubbane våre, dei siste par åra.
Begge desse turneringane vil me sjølvsagt arrangere her hjå oss i 2022, men no vel Golf Nordic Open å gå attende til å vera ei single-turnering att. 
Derfor der det med stor glede me kan informere om at me no har gjort avtale om å tilby ei ny parturnering for dykk. Turneringa Invitational Pairs 2022 - laurdag 13.august.

I 2021 dukka Invitational Pairs opp som ei ny stor parturnering, på ei rekkje golfbanar i Noreg, og vart svært populær. Turneringa steig opp av oska etter den populære parturneringa Nordea Pairs, som me også hadde kvalifisering til her på Bjørnefjorden ei rekkje år.

Turneringsforma er parkonkurranse med speleforma Bestball Stableford. 

Nytt i høve til Nordea Pairs er at vinnarparet frå Bjørnefjorden GK si turnering, går direkte til ein landsfinale som vert arrangert 9.september 2022. Arrangørklubb for landsfinalen er enno ikkje gjort kjend.

Vinnarparet frå landsfinalen vil så representere Norge i ein internasjonal finalen. For vinnarlaget vil reise, opphald, golf, representasjon og alle aktivitetar bli dekka av hovudarrangøren, Invitational Pairs.
Til finalen vil det være deltakerarar frå 5 kontinent og nærare 50 land – den største finalen nokonsinne.
Kvar finalen blir spelt vil me komme attende til seinare.

Finn din favoritt-golfpartnar og set av 13.august i almanakken din , for dette vil du ikkje gå gå glipp av!

Meir info. om turneringa og påmeldingsskjema i Golfbox kjem me attende med, så snart me får meir å vite frå hovudarrangøren.

I nær framtid vil du også finne heile turneringsplanen for Bjørnefjorden GK i 2022, på klubben sine heimesider.