Nyheter

Alexander og "Kisken" vann VM i putting

60 golfarar på startstreken på Vestlandsmeisterskapen i Putting 2021, laurdag 7.august

Under varierande speleforhold med både vind og småregn, vart det ei spennande og flott turnering, og til slutt var det Alexander Heggland (par i A-klassen) og Nils Kristian Lygre (5 over par i B-klassen) som vann dei to klassane i VM i putting. 
Og sigeren var med eit fattig slag for begge to, føre Magnus Engevik i A-klassen og Einar Gudmund Engelsen i B-klassen.

Her er premievinnarane:

A-KLASSEN
1. Alexander Heggland - Par
2. Magnus Engevik - +1
3. Anders Grasdal - +3
4. Bergt Tore Olsen - +4

B-KLASSEN:
1. Nils Kristian Lygre - +5
2. Einar G. Engelsen - +6
3. Marianne Rød - +6
4. Rolf Olsen - +7

Me gratulerar!!

Og eit ekstra takk til PING som spanderte premien i B-klassen. Ein toppkvalitets putter. Dette sette me sæsr stor pris på.

Fv. Einar Gudund Engelsen, Alexander Heggland, Nils Kristian Lygre og Magnus Engevik