Nyheter

VM i putting by Titleist/Footjoy

58 spelarar kjempa om sigeren - Alexander og Morten vann til slutt

Tradisjonen tru inviterte Bjørnefjorden Golfklubb til VM i putting by Titleist/Footjoy laurdag 5.september. 58 damer og herrar i alle aldrar stilte sporty opp, trass trugande værmeldingar.

Dei fekk oppleve at været slett ikkje vart så verst, og mange leverte strålande god putting over 2 rundar på 18 hol kvar.

Golfklubben sin hovudleverandør Acushnet Norge, som forhandlar Titleist og Footjoy, gav klubben eit flott bidrag til premiebordet med Scotty Camerom puttarar som førstepremie og ei rekkje andre premiar, som stadry-baggar og ballar.
Også den lokale restauratøren Halhjem Kafe sponsa med gåvekort i begge klassane og dermed var det premiar heilt ned til 7.plassen i begge klassane.
Me takkar for denne flotte støtta!!

Det vart konkurrert i 2 klassar (A-klassen for dei med hcp +8 - 15 og B-klassen for dei med hcp 15,1 - 54)

A-klassen:
Vinnar: Alexander Heggland BJGK (+1)
2.plass: John Arntzen BJGK (+2)
3.plass: Sverre Østervold Marcelius BJGK (+4)

B-klassen:
Vinnar : Morten Torgersen Erstad BJGK (+5)
2.plass: Atle Mathisen Stord GK (+6)
3.plass: Bård Askeland BJGK (+7)

Til venstre står vinnarane Morten og Alexander, saman med nokre av dei andre premievinnarane.

Her er nokre fleire  bilder frå tevlinga: