Nyheter

Sesongstart sommarbane 2020

Fredag 17.april kl.12

Vonar mange fekk høve til å testa sommarbanen då me tjuvstarta med sommarbanen i påsken.

Frå fredag 17.april kl.12 opnar med sommarbanen att og no vonar me at våren er kommen såpass langt at det no vert permanent.
Inntil vidare er det matteutslag på alle hol.
Det kan enno komme nattefrost, som vil gjere at me må starte opp litt lengre ut på formiddagen. Følg med på informasjon om dette her på heimesida vår.

No er også dei permanente framskotne utslagsplassane på plass, til glede og nytte for de som likar best å ha god avstand til spelarane bak. 

Les nøye dei oppslag om vi har sett opp om korleis de skal gå fram for å unngå smittefare når de er på anlegget, og følg desse frå A til Å.

Grasveksten er ikkje fullt i gong enno, så det er umåteleg viktig at de reparerer nedslagsmerker og legg tilbake torv overalt på banen.

Me held drivingrange open i opningstidene til proshop, der de hentar reine bøtter til rangeballar. 

Utanom opningstidene betalar de greenfee med VIPPS. Oppslag om dette finn de på anlegget.

GOLFSHOPEN OPEN - MED MASSE NYE VARER
Me arbeider no med å få på plass ei stor mengde nye varer i Proshop, frå vår nye hovudleverandør Acushnet som leverer merkene Titleist og Footjoy

- Årets smakfulle kleskolleksjon frå Footjoy
- Eit rikhaldig utval golfsko til både damer og herrar frå Footjoy
- Solide og gode golfbag`ar frå Titleist.
- Årets spennande nyhende av køller frå Titleist og Callaway
...og mykje, mykje meir

Hjareleg velkommen til flotte golfopplevingar på Bjørnefjorden Golfklubb