Damegruppa

Damegruppa på Bjørnefjorden Golfklubb er ei aktiv gruppe som spelar golf kvar onsdag frå april og ut september (-juli månad). Til saman ca. 15 onsdagar med varierande speleformer, både single- og par/lag turneringar.

Vi går 9- eller 18 hol og begynner frå klokka 16:30, ut frå solnedgang/lysforhold og antal deltakarar.
På dei fleste turneringane våre vel du sjølv om du vil spela frå utslag 27 eller 41.

Er du ny i klubben ynskjer vi å ha deg med. Det gjev god turneringstrening og er ein unik mogeleghet til å tilegne seg regler o.a.

Vi har premiering til dei beste resultata både netto og bruttklasse. Vi forsøker å samlast i klubbhuset etter turnering for utdeling av gavekort og trekkepremiar

Oversikt over turmeringane våre finn du i GolfBox.

For 4. år på rad arrangerer vi Womens Golf Day. -,i år er datoen 28.mai. Womens Golf Day (WGD) er ein internasjonal markering av kvinnegolf. Denne dagen ønsker vi velkommen til alle damer som har lyst å få ein smakebit på kva golf er, med litt instruksjon og ei lagturnering der ein spelar eit par hol på banen. Vi ønsker velkommen til ein sosial kveld med mykje latter, sjå etter meir info på Facebook, Instagram og heimeside når det dermar seg.

Om tirsdagane arrangerer vi denne våren gruppetreningar sammen med proen vår Sverre, så lenge det er nok påmeldte blir det ei treningsgruppe klokka 18-19 og ei klokka 19-20. Vi vekslar mellom trening på drivingrange og trening i nærspel. Info om kva slag trening som gjeld til kva tid finn du i golfbox

Til hausten har vi planar om ein helgetur til Haugesund følg med i golfbox for endelig dato.

Ellers oppfordrar vi alle å melda seg inn i Facebookgruppa; Damegruppa i Bjørnefjorden golfklubb der vi legg ut informasjon

All påmelding foregår i Golfbox.

Det er rom for fleire deltakarar onsdagskveldane og vi håpar at fleire av damene som er medlemmar i Bjørnefjorden vil bli med på våre sosiale kveldar.

I 2024 er følgjande med i komiteen:

  • Eli Karin Wiberg (leder)
  • Mia Helen Hansen Hjelle
  • Andrea Rød

Bildegalleri